Øygarden sogelag

  • Forstørr
  • Standard skriftstorleik
  • Forminsk
Øygarden sogelag

Bunkeren på Neshaugen

E-post Skriv ut

Bunkeren på Neshaugen i Blomvåg er no ferdig restaurert.  Informasjonstavlene, som fortel om kva rolle den hadde under krigen,  er plasserte ved parkeringsplassen til kyrkja i Blomvåg og oppe på Neshaugen.

Lørdag den 22.11.2014 i tida kl. 1400-1500 kan publikum få sjå anlegget  både ute og inne i sjølve bunkeren. Vi manglar framleis ein del tidsriktig utstyr til bunkeren, men det vil kome på plass etter kvart.  Den same dagen blir anlegget levert over til Kystmuyseet i Øygarden som eit av museets utstillingsobjekt.

Sist oppdatert onsdag 19. november 2014 22:26
 

Plakatar til Neshaugen

E-post Skriv ut

Plakatane skal plasserast som informasjon til publikum ved parkeringsplass ved Blomvåg kyrkje, og ved sjølve bunkeren på Neshaugen. Vi reknar med at restaureringa blir ferdig sumaren 2014. Dei to jagarflya på plakatane er av den same typen som stasjonert på Herdla.

Sist oppdatert torsdag 20. mars 2014 21:40 Les meir…
 

Krigsminne - Slipptanken frå Alvheim

E-post Skriv ut

Den 27. desember i 1941 var ein merkedag under den andre verdskrigen. Då fekk dei allierte styrkane ein av sine første sigrar i Måløy-raidet der leiaren for dei norske styrkane, Martin Linge, vart drepen.

For å unngå at flya frå mellom anna Herdla skulle blanda seg inn i kampane, blei det iverksett flyangrep på tyskarane sin flybase på Herdla. Truleg var vaktmannskapane på Neshaugen i aksjon denne dagen. Over Skjold kolliderte to engelske fly etter raidet mot Herdla, og hamna i eit lite vatn der. Denne dagen blei difor svært så dramatisk for folka i Øygarden.

Sist oppdatert måndag 14. oktober 2013 14:39 Les meir…
 

Øygarden sogelag – julemøte

E-post Skriv ut

Sogelaget inviterer til julemøte, onsdag 11. desember kl. 19.00 på Kystmuseet.
Professor Bente G Alver vil halde foredrag med tittel ”Kva er det med desse synske” – ei forteljing om Anna Elisabeth Westerlund. Eilev Lønningen vil snakka om politiets erfaringer med dei synske. Det vert servert  romegraut tillaga av Sotra Vidaregåande skule, kaffe og småkaker.

Sist oppdatert onsdag 27. november 2013 08:35 Les meir…
 

Vil du gjera ein innsats for Øygarden Sogelag?

E-post Skriv ut

Restaureringa av krigsminnet, Bunkeren på Neshaugen i Blomvåg, er snart sluttført. Det har samla seg ein del avfall som materialrestar osb. Difor planlegg Sogelaget eit par tre dugnadstimar på laurdag den 28. september frå kl. 09.00. Ein må bera og bruka trillebår over ein avstand på om lag 40 meter fram til biltilhengar.

Sist oppdatert måndag 02. september 2013 14:20 Les meir…
 


JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Annonser

Øygarden Media
Øygarden Media - lokal kommunikasjon

Nyhendemelding

Øygarden sogelag er registrert i Brønnøysundregistrene etter gjeldande reglar for foreiningar og lag. Organisasjonsnummer er 995 211 831